torsdag 16. desember 2010

Sidan sist

Fotopolyme. Her har eg transformert ei blyanteikning om til trykk. Eg likar veldig godt det uttrykket dette mediet gir. Dette er ein illustrasjon av Veslemøy sitt kjærleiksforhold.


Silketrykk av "Mons på sekkepute". Ferdig illustrasjon. Veslemøy sin katt er eigentleg ein fortrolla prins. Det viser eg her med å gi katten maske, og ved at skuggen til katten er skuggen til prinsen.

Silketrykk av "Mons på sekkepute". Komposisjonskisse

Silketrykk av "Mons på sekkepute". Komposisjonskisse

Dette er eit linosnitt der eg prøvar å illustrere trollskapen i teksta ved å gi fuglane ei tvetydighet, slik at ein ikkje veit om det er fuglar eller trollfuglar. Men her vart fuglane for søte og fine. Eg har lagd ei skisse der dei er enda skumlare som eg skal skjære og trykke i linoliumsnitt. 


 
Dette er min plan over kva som skal være med i den ferdige boka. Alt skal resultere i ei slags nyutgiving av Haugtussa der eg har forskjellege tolkingar uti frå forskjellege metodar og teknikkar, og der eg skriv om tolking, metode og teknikk parallelt med illustrasjonane og teksten til Garborg.
Dette er formatet og satsspeilet til boka eg skal lage. No skisser eg på ulike måtar å sette dikt og bilete

















No har eg hatt ein produktiv månad. Eg har teke eit kurs på grafikken der eg har lært fotopolyme og silketrykk. Her er det eg har gjort sidan sist.

onsdag 27. oktober 2010

Litt fleire tuss og troll


Haugkallen




Denne trur eg faktisk ikkje får være med, den braut litt med resten..

I det siste har det blitt mykje skriving, i ein fin kombinasjon med prikkete barn og febersjuk ektemann så har det resultert i litt fleire magnetfigurar, men ikkje så mange som eg skulle ønske. Eg har og eit prosjekt med dorulldukker på gang, og det skal eg vise når dei blir ferdige. Eg har no funne ut korleis eg skal bruke desse rare magnetfigurane mine. Det er alle trolla som vil ha Haugtussa inn i berget. Eg har lyst å ha eit kjøleskap i utstillinga fullt av slike tuss og troll, kankje kan eg lage innsida av berget inni kjøleskapet? Akkurat no har eg igjen gått litt vekk frå huldrehistoria og arbeider med sjølve verket Haugtussa.

tirsdag 12. oktober 2010

Visuelle utprøvingar!




























Her viser eg det eg har gjort i det siste. Det er litt vanskelegt å komme i gang med det visuelle. Eg har alt for store forventningar til meg sjølv og gløymer å tulle. Men på fredag hadde eg ei veldig god veiledning med fantastiske Liv Andrea, min illustrasjonsveileder. Og ho minna meg på ting eg har gjort før, og at ein ikkje må tenke så firkanta. Eg fann og ut at eg skal gå litt vekk frå å tolke utifrå sjangrar, men heller bruke ulike tolkingsmetodar. Så denne veka har eg lagd figurar til Haugtussa av hermetikkboksar og gamle smykker. Og i morgon skal eg teikne med symaskina, og utforske og tulle. I veke 45 skal eg ha eit kurs på grafikken der eg skal lære å transformere kunst til grafikk, så det passar jo kjempefint til det eg driv med no. Og eg skal være flink å legge ut alle skissene mine som eg lagar no, slik at dette blir ein fin dokumentasjon på min morosame prosess.

tirsdag 5. oktober 2010

Bonusveka!

No har hausten komt for fult, og eg er godt i gang. Det skriftlege er klart til gjennomlesing, eg har tatt mange gode valg og har hatt ei mengde med gode kurs der eg har fått gode innspel som eg kan linke opp mot prosjektet mitt.

Og det kjekkaste valget eg har tatt er kva avsnitt eg skal arbeide med i Haugtussa! Avsnittet heiter "I omnskråi" og handlar om at Veslemøy fortel historier til naboane sine om kvelden. Ho fortel om Helge Haaland som gjekk seg vill i skodda på fjellet. Og plutseleg stod han ved ein rikmannsgard. Der vart han tatt godt i mot og behandla som ein prins. Han gløymte tid og stad og alt der heime og vart reint trylt av alt rundt seg. Det svinsa rundt han ei vakker ungjente og når husbonden forslo at han kunne få gifte seg med dottera hans og få odelsretten til garden så slo han til på flekken og dei gifta seg same kvelden. Når han Helge Haaland så skulle legge seg med brura si så såg han kurompa (huldrerompa) stikke fram under skjørtekanten hennar. Raskt tok han fram kniven han hadde i belte (gamal overtru seier at hiv du stål over trollskapen så gjere du ende på den) men før han fekk hive den over huldra så forsvann alt. Han vakna opp under ei berghylle og der var ikkje spor etter rikmannsgarden att. Seinare når han gjekk åleine i fjellet så møtte han ofte på huldrekona si, då gret ho alltid og sa "Du kunne ha frelst både deg og meg". Med det meinte ho at hadde han heve kniven over henne så hadde ho slept å være hulder i all eve.

Denne historia har eg valdt fordi den er ei sidehistorie i Haugtussa. Eg fann ut at å arbeide med kun eit avsnitt av boka var vanskeleg utan å ta med innformasjon frå før i boka, og då blir bileta vanskeleg å forstå for dei som ikkje har lest heile boka. Men dette avsnittet står godt for seg sjølv, og eg kan dra inn innformasjon fra ellers i boka, slik at det blir eit eige lag med informasjon til dei som har lest heile boka.
Så no har eg lest mykje om huldra og kost meg på bussen med rare historier om jenter som blir bergtatt og unge menn som blir lurt til å gifte seg med Huldra. For huldrefolket ville gjerne blande seg med menneska, og dei var kjekke så lange du ikkje gjorde noko dei ikkje likte. Å være uvenn med ei Hulder var ikkje alltid så kjekt.

Denne veka er mi bonusveke. Eg hadde gløymt ho ut på planen, så alt eg gjere denne veka er bonus. Og  det gir lave forventningar og rom til utforsking og leik. Så nå har eg alt rota litt, og skal søle litt meir. I morgon skal eg ta med fotoapparatet så de får sjå litt.
Så; god bonusveke!

tirsdag 6. juli 2010

Kom arbeidslyst og treng deg på, no når sola skinner!

I juni har eg måtta jobbe ganske mykje for å kunne kjøpe smør og mjølk. Men no har vi mjølk og smør i mengder og eg kan igjen ta fatt på prosjektet mitt. Slik innimellom. Veslejenta har ferie frå barnehagen og eg er student når ho søv.

Så; Eg har hatt nokre veiledningar og tenkerunder sidan sist innlegg. Hovedtanken har vore; "Korleis kan eg få prosjektet mitt inni ein samfunnsnyttig samanheng?" Og det har eg no fått. Det ferdige resultatet skal være ei lita bok. Ei lærebok/innspirasjonsbok/handbok i tolkingsmetoder og teknikker. Det vil bli ei fin innspirasjonsbok for illustrasjons studentar der ein ser kva tolking kan gjere med ein tekst. Men sidan eg skal tolke ein tekst i ulike sjangrar vil det og bli ein fin måte å vise kva sjanger er. Og når der sit ein dyslektiker på ein barneskule i Syltefjorden (slik eg gjorde for 20 år sidan) så kan ein få ein fin forståelse utifrå bilete på kva sjanger er. Og kva dei forskjellege sjangerkodene er.
Så det blir ei bok. Men det er tolkingane som er oppgåva mi. Eg kjem til å lage ei enkel bok med litt tekst om dei ulike sjangrane. Eller det blir kun døme på korleis boka blir. For eg skal legge vekt på tolkingane. Å lage konseptet for ei slik bok er eit anna prosjekt.

Eg har og gitt prosjektet ein ny midlertidig tittel (som eg gjerne vil ha innspel på), den er no: "Tolking; metode og teknikk". Eller kanskje heller "Visuell tolking. Metode og teknikk."?
Så det er ikkje lenger eit prosjekt om historieforteljing, det er eit prosjekt om tolking. Men eg forteller jo ei historie medan eg tolkar, så det går litt hand i hand.

No skal eg dykke inni sjangerverdenen. Eg skal lage sjangerkart. Finne stikkord for dei ulike sjangrane, finne ut kva sjangrar som er like og ulike, og så gruppere dei utifrå egenskapane sine. Eg skal overføre stikkord frå spørjeundersøkjinga eg hadde med kjente norske illustratørar til sjangertolkinga og jobbe utifrå dei. Og så skal eg lage sjangerskisse. Men innimellom her ein stad må eg finne kva del av Haugtussa eg skal arbeide med. Den eg begynte med er litt for konkret. Eg må finne ein som er sjangerlaus, og med lite litterere bilete. Så no er det berre å begynne. Kom arbeidslyst og treng deg på, no når sola skinner!

fredag 7. mai 2010

Og tilbake på sporet att!

















Etter nokre veker med full forvirring har eg tatt ein avgjersel. Om det er det rette veit eg ikkje. Det får tida vise. Dette å velge ein tekst å arbeide med er litt som å seie ja til eit frieri. Der er gode og dårlege dagar i eit ekteskap, og det same er det som illustratør når ein skal leve saman med ein tekst. Men dette ekteskapet varer berre i eit år, så då får det stå til.

Haugtussa. Det vart Haugtussa. Sjølv om eg i går skreiv ein lang argumentasjonstekst der eg fann ut at Haugtussa er ein alt for kompleks tekst med for mykje språklege bilete. Teksten malar med ord og har mange konkrete skildringar. Svein Nyhus seier så fint "Mer spennende tekster med rikere språklige bilder bør få stå i fred for altfor overtolkende illustrasjoner. Ellers blir det maktkamp om hva som er viktigst - bildene i teksten eller bildene i bildet." Og utifrå dette sitatet så bør eg ikkje arbeide med Haugtussa. Men. Der er alltid eit men. Ashley spurte meg: "Kva vil du med din ma-periode? Kva vil du sitte att med etter endt studie?" Og eg vil bli ein ræsar i tolking. Mitt aller største og hemmelege ønske er at når Bokbadet på NKR2 skal diskutere tolking så ringer dei meg. Så god vil eg bli. Og sidan mine ambisjonar er så store så må eg velge den teksten som er vanskelegast. Så eg har litt å bryne meg på. Så dette ekteskapet kan nok bli ganske heftigt. Eg har allereie bestemt meg for å legge til sides tolkingane til dei lærde. Eg har bestemt meg for å ikkje høyre for mykje på litteraturprofessorane, for då heng eg meg oppi rar symbolikk og blir heilt tussete. Viste du at eit av dikta i boka (der Haugtussa ser djevelen sjølv) kan syngast på tonen til kongesalmen? Som eit spark til svenskekongen som styrte på den tida. Så ja, verket  er fult av symbolikk som berre dei som har studert literaturhistorie i 15 år forstår. Og den symbolikken trur eg at eg let ligge.

No skal eg la avgjerelsen min modne. Så resten av dagen er via til teikning. Så deili! No skal eg tulle! Og Den vesle Frustrasjonsboka får bli dokumentasjon av prosessen. Så får me håpa att der kjem ein liten skalla mann frå eit rart forlag på utstillinga og synest at den bør bli til noko den og.

onsdag 5. mai 2010

Forvirra veggelus

 
No har eg hatt veiledning med Ashley. Og eg har fått tilbakemeldingar på prosessen min. "Oy, det er to veldig forskjellege konsept. Og begge har styrker. Men kva vil du lære? Kva utfordringer vil du møte? Kva vil du skal bli det endelege resultatet og kva for ein tekst ledar best mot det resultatet?" (fritt sitert). Så no skal eg argumentere. Og eg skal være objektiv og ikkje velge det som er enklast og morsomast. For eg klarar å leike med det meste.