I juni har eg måtta jobbe ganske mykje for å kunne kjøpe smør og mjølk. Men no har vi mjølk og smør i mengder og eg kan igjen ta fatt på prosjektet mitt. Slik innimellom. Veslejenta har ferie frå barnehagen og eg er student når ho søv.
Så; Eg har hatt nokre veiledningar og tenkerunder sidan sist innlegg. Hovedtanken har vore; "Korleis kan eg få prosjektet mitt inni ein samfunnsnyttig samanheng?" Og det har eg no fått. Det ferdige resultatet skal være ei lita bok. Ei lærebok/innspirasjonsbok/handbok i tolkingsmetoder og teknikker. Det vil bli ei fin innspirasjonsbok for illustrasjons studentar der ein ser kva tolking kan gjere med ein tekst. Men sidan eg skal tolke ein tekst i ulike sjangrar vil det og bli ein fin måte å vise kva sjanger er. Og når der sit ein dyslektiker på ein barneskule i Syltefjorden (slik eg gjorde for 20 år sidan) så kan ein få ein fin forståelse utifrå bilete på kva sjanger er. Og kva dei forskjellege sjangerkodene er.
Så det blir ei bok. Men det er tolkingane som er oppgåva mi. Eg kjem til å lage ei enkel bok med litt tekst om dei ulike sjangrane. Eller det blir kun døme på korleis boka blir. For eg skal legge vekt på tolkingane. Å lage konseptet for ei slik bok er eit anna prosjekt.
Eg har og gitt prosjektet ein ny midlertidig tittel (som eg gjerne vil ha innspel på), den er no: "Tolking; metode og teknikk". Eller kanskje heller "Visuell tolking. Metode og teknikk."?
Så det er ikkje lenger eit prosjekt om historieforteljing, det er eit prosjekt om tolking. Men eg forteller jo ei historie medan eg tolkar, så det går litt hand i hand.
No skal eg dykke inni sjangerverdenen. Eg skal lage sjangerkart. Finne stikkord for dei ulike sjangrane, finne ut kva sjangrar som er like og ulike, og så gruppere dei utifrå egenskapane sine. Eg skal overføre stikkord frå spørjeundersøkjinga eg hadde med kjente norske illustratørar til sjangertolkinga og jobbe utifrå dei. Og så skal eg lage sjangerskisse. Men innimellom her ein stad må eg finne kva del av Haugtussa eg skal arbeide med. Den eg begynte med er litt for konkret. Eg må finne ein som er sjangerlaus, og med lite litterere bilete. Så no er det berre å begynne. Kom arbeidslyst og treng deg på, no når sola skinner!
tirsdag 6. juli 2010
Abonner på:
Innlegg (Atom)