fredag 7. mai 2010

Og tilbake på sporet att!

















Etter nokre veker med full forvirring har eg tatt ein avgjersel. Om det er det rette veit eg ikkje. Det får tida vise. Dette å velge ein tekst å arbeide med er litt som å seie ja til eit frieri. Der er gode og dårlege dagar i eit ekteskap, og det same er det som illustratør når ein skal leve saman med ein tekst. Men dette ekteskapet varer berre i eit år, så då får det stå til.

Haugtussa. Det vart Haugtussa. Sjølv om eg i går skreiv ein lang argumentasjonstekst der eg fann ut at Haugtussa er ein alt for kompleks tekst med for mykje språklege bilete. Teksten malar med ord og har mange konkrete skildringar. Svein Nyhus seier så fint "Mer spennende tekster med rikere språklige bilder bør få stå i fred for altfor overtolkende illustrasjoner. Ellers blir det maktkamp om hva som er viktigst - bildene i teksten eller bildene i bildet." Og utifrå dette sitatet så bør eg ikkje arbeide med Haugtussa. Men. Der er alltid eit men. Ashley spurte meg: "Kva vil du med din ma-periode? Kva vil du sitte att med etter endt studie?" Og eg vil bli ein ræsar i tolking. Mitt aller største og hemmelege ønske er at når Bokbadet på NKR2 skal diskutere tolking så ringer dei meg. Så god vil eg bli. Og sidan mine ambisjonar er så store så må eg velge den teksten som er vanskelegast. Så eg har litt å bryne meg på. Så dette ekteskapet kan nok bli ganske heftigt. Eg har allereie bestemt meg for å legge til sides tolkingane til dei lærde. Eg har bestemt meg for å ikkje høyre for mykje på litteraturprofessorane, for då heng eg meg oppi rar symbolikk og blir heilt tussete. Viste du at eit av dikta i boka (der Haugtussa ser djevelen sjølv) kan syngast på tonen til kongesalmen? Som eit spark til svenskekongen som styrte på den tida. Så ja, verket  er fult av symbolikk som berre dei som har studert literaturhistorie i 15 år forstår. Og den symbolikken trur eg at eg let ligge.

No skal eg la avgjerelsen min modne. Så resten av dagen er via til teikning. Så deili! No skal eg tulle! Og Den vesle Frustrasjonsboka får bli dokumentasjon av prosessen. Så får me håpa att der kjem ein liten skalla mann frå eit rart forlag på utstillinga og synest at den bør bli til noko den og.

onsdag 5. mai 2010

Forvirra veggelus

 
No har eg hatt veiledning med Ashley. Og eg har fått tilbakemeldingar på prosessen min. "Oy, det er to veldig forskjellege konsept. Og begge har styrker. Men kva vil du lære? Kva utfordringer vil du møte? Kva vil du skal bli det endelege resultatet og kva for ein tekst ledar best mot det resultatet?" (fritt sitert). Så no skal eg argumentere. Og eg skal være objektiv og ikkje velge det som er enklast og morsomast. For eg klarar å leike med det meste.

tirsdag 4. mai 2010

Prosessen min

Arbeidsplassen min


Forskjellege skisser på tolking av tekst

Notatbøkene mine



dette er den Den Vesle Frustrasjonsboka



Slik har eg det på skulen. Eg har den koslegaste kroken med alle tankane mine på veggen rundt meg. Slik passar eg på at eg konstant hugsar kor forvirra eg er. No driv eg å lagar konsept. Eg set opp liste. Kva er best av Haugtussa og Den Vesle Frustrasjonsboka? Eg skriv opp kva tolkingsmetodar eg kan bruke på dei forskjellege. Kva som er fordelane og ulempane med dei ulike prosjekta. Eg skal legge ut bilete av den prosessen når den begynner å ta form. Det eg likar så godt med Den Vesle Frustrasjonsboka mi er at eg kan bruke den skriveforma på så mange slags historier. Eg fortel ei heil historie med den eine setninga. Og den kan tolkast på så inderleg mange måtar. Hugtussa har så mange språklege bilder. Den malar med ord. Den har store skildringar. Medan frustrasjonane mine står der liksom så nakne og einsame. Dei fungerar utan bilete, men eit visuelt språk ved sidan av vil utfylle tekstene og gje dei ein heilt ny dimensjon.