onsdag 27. oktober 2010

Litt fleire tuss og troll


Haugkallen




Denne trur eg faktisk ikkje får være med, den braut litt med resten..

I det siste har det blitt mykje skriving, i ein fin kombinasjon med prikkete barn og febersjuk ektemann så har det resultert i litt fleire magnetfigurar, men ikkje så mange som eg skulle ønske. Eg har og eit prosjekt med dorulldukker på gang, og det skal eg vise når dei blir ferdige. Eg har no funne ut korleis eg skal bruke desse rare magnetfigurane mine. Det er alle trolla som vil ha Haugtussa inn i berget. Eg har lyst å ha eit kjøleskap i utstillinga fullt av slike tuss og troll, kankje kan eg lage innsida av berget inni kjøleskapet? Akkurat no har eg igjen gått litt vekk frå huldrehistoria og arbeider med sjølve verket Haugtussa.

tirsdag 12. oktober 2010

Visuelle utprøvingar!




























Her viser eg det eg har gjort i det siste. Det er litt vanskelegt å komme i gang med det visuelle. Eg har alt for store forventningar til meg sjølv og gløymer å tulle. Men på fredag hadde eg ei veldig god veiledning med fantastiske Liv Andrea, min illustrasjonsveileder. Og ho minna meg på ting eg har gjort før, og at ein ikkje må tenke så firkanta. Eg fann og ut at eg skal gå litt vekk frå å tolke utifrå sjangrar, men heller bruke ulike tolkingsmetodar. Så denne veka har eg lagd figurar til Haugtussa av hermetikkboksar og gamle smykker. Og i morgon skal eg teikne med symaskina, og utforske og tulle. I veke 45 skal eg ha eit kurs på grafikken der eg skal lære å transformere kunst til grafikk, så det passar jo kjempefint til det eg driv med no. Og eg skal være flink å legge ut alle skissene mine som eg lagar no, slik at dette blir ein fin dokumentasjon på min morosame prosess.

tirsdag 5. oktober 2010

Bonusveka!

No har hausten komt for fult, og eg er godt i gang. Det skriftlege er klart til gjennomlesing, eg har tatt mange gode valg og har hatt ei mengde med gode kurs der eg har fått gode innspel som eg kan linke opp mot prosjektet mitt.

Og det kjekkaste valget eg har tatt er kva avsnitt eg skal arbeide med i Haugtussa! Avsnittet heiter "I omnskråi" og handlar om at Veslemøy fortel historier til naboane sine om kvelden. Ho fortel om Helge Haaland som gjekk seg vill i skodda på fjellet. Og plutseleg stod han ved ein rikmannsgard. Der vart han tatt godt i mot og behandla som ein prins. Han gløymte tid og stad og alt der heime og vart reint trylt av alt rundt seg. Det svinsa rundt han ei vakker ungjente og når husbonden forslo at han kunne få gifte seg med dottera hans og få odelsretten til garden så slo han til på flekken og dei gifta seg same kvelden. Når han Helge Haaland så skulle legge seg med brura si så såg han kurompa (huldrerompa) stikke fram under skjørtekanten hennar. Raskt tok han fram kniven han hadde i belte (gamal overtru seier at hiv du stål over trollskapen så gjere du ende på den) men før han fekk hive den over huldra så forsvann alt. Han vakna opp under ei berghylle og der var ikkje spor etter rikmannsgarden att. Seinare når han gjekk åleine i fjellet så møtte han ofte på huldrekona si, då gret ho alltid og sa "Du kunne ha frelst både deg og meg". Med det meinte ho at hadde han heve kniven over henne så hadde ho slept å være hulder i all eve.

Denne historia har eg valdt fordi den er ei sidehistorie i Haugtussa. Eg fann ut at å arbeide med kun eit avsnitt av boka var vanskeleg utan å ta med innformasjon frå før i boka, og då blir bileta vanskeleg å forstå for dei som ikkje har lest heile boka. Men dette avsnittet står godt for seg sjølv, og eg kan dra inn innformasjon fra ellers i boka, slik at det blir eit eige lag med informasjon til dei som har lest heile boka.
Så no har eg lest mykje om huldra og kost meg på bussen med rare historier om jenter som blir bergtatt og unge menn som blir lurt til å gifte seg med Huldra. For huldrefolket ville gjerne blande seg med menneska, og dei var kjekke så lange du ikkje gjorde noko dei ikkje likte. Å være uvenn med ei Hulder var ikkje alltid så kjekt.

Denne veka er mi bonusveke. Eg hadde gløymt ho ut på planen, så alt eg gjere denne veka er bonus. Og  det gir lave forventningar og rom til utforsking og leik. Så nå har eg alt rota litt, og skal søle litt meir. I morgon skal eg ta med fotoapparatet så de får sjå litt.
Så; god bonusveke!