lørdag 24. april 2010
Lettare forvirra..
Det å bestemme seg for ein tekst å arbeide med har vore veldig vanskeleg. Eg har testa ut mange forskjellege typar tekstar. Alt frå telefonkatalogen, regler frå Mitt Skattekammer og litterere tekster til skuledagboka mi frå 8 kl. Eg har skribla, skissa og rota. Og var så nøgd når eg bestemte meg for Haugtussa. Den er eit kjendt litterært verk, har mykje visuelle bilete og eg føle at det er eit ordentleg og seriøst prosjekt. Men så viste eg Frustrasjonsboka mi til Liv Andrea, min illustrasjonsveileder. Frustrasjonsboka er ei lita gamaldags skulebok der eg skriv mine irritasjonar ned med raud løkkeskrift. Eg skal legge ut bilete av den. Og den er det stikk motsatte av Haugtussa. Men kanskje er det det som gjer den spennande. Men skal eg bruke den må eg finne ein god måte å vinkle det på, slik at det er tolkingane som er i fokus og ikkje teksten. Huff, å arbeide med frustrasjonane mine verkar nesten meir pinlegt enn å arbeide med mine gamle skuledagbøker.
lørdag 17. april 2010
Så langt, så godt
I min blogg vil eg vise kva eg jobbar med og korleis eg jobbar. Den siste månaden har eg gjort mange viktige valg. Eg har gjort meg ganske ferdig med den teoretiske delen og skal no jobbe visuelt. Og eg har hatt så høge forventningar til meg sjølv og arbeidet mitt at alt eg har gjort av utprøvingar eigentleg berre har vore møl. Men så fann eg ut at eg skal arbeide med teksten Haugtussa av Arne Garborg. Mi yndlingshistorie. Eit gamalt verk som har blitt litt gløymt fordi det er skreve på rim på gamal nynorsk. Men det handlar om Veslemøy som er synsk og som ser tuss og troll og huldrer og haugkallen og mørkemakter. Eg skal tolke denne historia mange gongar og for kvar gong skal betraktaren få ei ny oppleving av teksten. Eg skal vise kor mykje eg kan forandre ein tekst ved hjelp av illustrasjon.
Abonner på:
Innlegg (Atom)